Få bill.Torn & Rose i Eventyrland

Torn & Rose i Eventyrland

Fotograf: Bjørn Leirvik | Digital illustrasjon: Catia Gabriele/Morgana

Krise! Eventyrland har begynt å miste magien sin, og det er like før det er snipp snapp snute for alle dei underfulle skapningane som bur i landet bortom stjernestøvet. For å vekke opp att folk sin kjærleik for eventyr inviterer Torn og Rose publikum til omvising i Eventyrland for aller første gong!

Etterkommarane etter ein av Eventyrlands mest kjende dronningar har planlagt ein morosam og actionfylt dag i Torneroseslottet, men underlege ting begynner å skje. Saman med publikum må Torn og Rose kjempe sitt livs kamp for å redde Eventyrland. På vegen støyter dei på gode feer, alvedronningar og magiske havskapningar - og kanskje til og med ein heilt levande drake?

Dei eldste teatertriksa i boka blir blanda med den aller nyaste teknologien for å gi publikum ei teateroppleving Europa aldri har sett maken til. Trur du ikkje på drakar og feer frå før, kjem du garantert til å gjere det når framsyninga er ferdig!

Passer for alle modige eventyrarar frå 6 til 100 år.
Framsyningslengd: ca 70 min

Familieframsyninga er produsert av Teater Vestland, Nordland Teater og Teatret Vårt.


Ei oppleving for sansane

Grensa mellom verkelegheita og den simulerte verda blir mindre tydeleg når ein dykkar inn i ei anna verd visuelt, akustisk eller ved rørsle.

I Auka Røynd (Augmented Reality/AR) legg ein virtuell informasjon og objekt over den verkelege verda. Ein utvidar verkelegheita med digitale detaljar som bilde, tekst og animasjon, gjort tilgjengeleg gjennom AR-briller eller via skjermar, nettbrett og smarttelefonar. Publikum blir ikkje isolerte frå røyndommen, men samhandlar og ser kva som skjer framfor dei.

Døme på AR kan vere Pokémon GO-spelet, som simulerer digitale skapningar i den verkelege verda, og i Snapchat har du kanskje trylla fram hattar eller briller i ansiktet ditt? Det er bruk av Auka Røynd!

Nominert til NPU-pris!
Ein flygande drake på scena har blitt laga mange gonger før, men kva om den lever og sprutar ild og har personlegdom? Det var spørsmålet vi stilte oss. Arbeidet har no resultert i prisnominasjon.

KUNSTNARLEG LAG
Dramatikar og regissør Cecilie Grydeland Lundsholt
Scenograf og kostymedesignar Birgitte Strid
Dramaturg Kristian Lykkeslet Strømskag
Komponist Johann Prell
Lyddesignar/Foley artist Yvonne Stenberg
Prosjektleiar, Storyline Studios Vidar Grande
Lysdesignar Vegar Angel Andreassen
Videodesignar David Lejard-Ruffet
Produsent Anders Nybø
Prosjektleiar, Glitch Studios Sami Hamid
Animatør Cenk Koksal
AR-utviklarar Onat Döker, Hasan Ula? Sarikaya
Teknisk rådgjevar, ARShow Isaac Barel
Produksjonsrågjevar, ARShow Sasha Kreindlin
I rollene Carina Furseth, Peder Lauvås og Idun Losnegård