Få bill.Vår jul

Vår jul

Christian Ingebrigtsen, Maria Arredondo, Alexander Rybak, Torstein Sødal, Ebba
Lejonclou, Gaute Ormåsen, Frøydis Grorud og kapellmeister Øystein Lund Olafsen inviterer deg hermed inn i sitt musikalske univers.

I år er vi spesielt takknemlege for at dei fantastiske nykomarane Alexander Rybak og den svenske mezzosopranen Ebba Lejonclou blir med oss. Sistnevnte kjem direkte frå ein haust i Kungliga Operan i Stockholm.

Menyen er skreddarsydd for deg som vil senka skuldrene og fyllast med juleglede.

Til lyden av klangfulle melodilinjer frå artistane i harmoni med ekte, nær og lun historieforteljing, blir du servert dei deiligaste rettar: Frå dei nære, norske julesongane til vakre balladar ikledd mektige melodiar. 

Hjarteleg velkommen til Vår jul!  

— 

Varigheit: om lag 80 minutt.

Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no

–––

 

Showmeny: julemiddagbuffé

I desember tilbyr vi julemiddagbuffét i forkant av utvalde kulturarrangement, med
førehandsbestilling.

Klikk her for å gå direkte til matbestilling for dette arrangementet. 

Maten blir levert av Det Gode Selskap, og du får den servert i restaurantlokalet i 1. etg. Du møter du opp 1–2 timar før arrangementet startar. Bestilling/kjøp skjer via billettsystemet (lenka
over).  

 

Frist for matbestilling: innan kl. 11:00 dagen før arrangementet. 

Drikke bestiller og betalar du på staden.

Bordønske, allergiar, avbestilling: Ta kontakt på e-post post@detgodeselskap.no

Les meir om mat og drikke på Oseana her.