
Vassendgutane
VASSENDGUTANE, ORIGINALEN AV FESTCOUNTRY!
100 % LIVE!
I 30 år har Vassendgutane fylt konsertsalar og festivalar over heile landet med fengjande låtar, allsang og ekte feststemning!
No er dei klare for å gi publikum på Oseana ein ny festkveld, med kjende og kjære hits, høg energi og den heilt spesielle stemninga som har gjort Vassendgutane til eit av Noregs mest populære liveband.
Her ligg alt til rette for ein kveld med allsang, godt humør og fest frå første tone!
___
Varigheit: Ca 90 minutt
Servering: Gjer kvelden komplett med ein god middag eller noko godt i glaset før arrangementet. Oseana Kafé held ope fram til arrangementsstart, og kjøkkenet stenger éin time før. Sjå meny og bestill bord på www.oseanakafe.no
Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt ( 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.
Konserten er med ståplassar på flatt golv.