Vassendgutane – 30 år med festcountry

Vassendgutane – 30 år med festcountry

I 2026 markerer Vassendgutane 30 år som eit av Noregs mest folkekjære liveband – og jubileumsturnéen tek turen til Os og Oseana 18. april.

Sidan oppstarten i Ørsta i 1996 og gjennombrotet med «Ungkar med dobbelseng», har bandet levert gull- og platinaplater, toppa listene og skapt sin heilt eigen sjanger: festcountry. Med humor, speleglede og kompromisslaus live-energi har dei blitt ein institusjon på norske konsertscener.

Jubileumsåret byr på nye utgjevingar, nye låtar og ein omfattande noregsturné frå sør til nord. Publikum kan vente seg både friske jubileumsslepp og dei ikoniske låtane som har skapt allsang i tre tiår.

Når Vassendgutane kjem til Oseana, ligg alt til rette for ein kveld fylt av:

  • Ekte, drivande festcountry
  • Allsong og feststemning
  • Klassikarar som har prega 30 år med norsk konsertliv

Dette er kvelden for deg som vil oppleve eit band i toppform – midt i ei historisk feiring!

Velkommen til ein jubileumskveld med fullt trøkk og 30 år med festcountry!

___

NB! 18-ÅRSGRENSE MED VERGEORDNING

Dette arrangementet har aldersgrense 18 år. Personar under 18 år kan delta saman med edru verge over 23 år. Vergeskjema må fyllast ut og leverast. 

Slik gjer du: 1) last ned vergeskjemaet, 2) skriv skjemaet ut, 3) fyll i felta og signer, og 4) levér skjemaet i resepsjonen ved ankomst. 

Last ned skjema her. 

___

 Varigheit: ca 90 minutt

Ledsagarar og rullestolar: Ledsagarar har gratis inngang. Det finst eit avgrensa antal rullestolplassar tilgjengeleg. Billettar til ledsagar og rullestol får du via resepsjonen – kom innom eller
kontakt oss på telefon 917 50 231 / e-post resepsjon@oseana.no

___

 Matservering: Showmeny

Til dette arrangementet tilbyr vi ein eigen showmeny. Du bestiller og betalar på førehand, og får måltidet servert i kafélokala våre i 1. etg. før arrangementet. Du kan møte opp 1–2 timar før arrangementet startar.  

Bestilling/kjøp skjer gjennom billettsystemet. Når du kjøper billettar, vil du få tilbod om å legge til matprodukt. Du kan òg etterbestille mat etter du har kjøpt billettane (lenke under). Frist for matbestilling: innan kl. 11:00 dagen før arrangementet.

Maten blir levert av Det Gode Selskap.

Klikk her for å kome direkte til matbestilling for dette arrangementet.

Bordønske, allergiar o.l.: Vil du sitte ved same bord om nokon i ei anna bestilling? Vil du opplyse om allergiar? Vil du avbestille? Ta kontakt med post@detgodeselskap.no – innan kl. 11:00 dagen før arrangementet. Hugs å oppgi dato for reservasjon og namnet ditt.

Les meir om mat og drikke på Oseana her.