Riksteatret: Teaterkonsert Sundfør – Life does us

Riksteatret: Teaterkonsert Sundfør – Life does us

Opplev Susanne Sundførs musikalske univers på scenen, gjennom ein teaterkonsert med nokre av dei beste musikalske skodespelarane i Noreg. På scenen står Mimmi Tamba, Lars Henrik Aarnes, Marit Adeleide Andreassen, Fridtjof Stensæth Josefsen, Ida Göransson, Trond Peter Stamsø Munch og Elisabeth Mørland Nesset.

Nokre gongar veks det fram artistar som lagar så vakker musikk at den vert opplevd som intenst truverdig for menneske over heile verda. Susanne Sundfør er ein av desse artistane.

Med spektakulære konsertar og musikk som fangar heile opplevinga av å vera menneske, har Susanne Sundfør vakse seg inn i den internasjonale stjernehimmelen og blitt ein av dei viktigaste artistane vi har. No vert songane hennar teaterkonsert med nokre av landets mest musikalske skodespelarar på scenen. Dei vil framføre nokre av dei beste songane frå album som Music for People in Trouble, Ten Love Songs og The Brothel i ei scenisk teaterforteljing tettpakka med musikk og magi, der vi tar i bruk alle verkemidla teatret har.

Vi trur det kan bli eit av høgdepunkta for alle som har lyst til å møtast for ei stor kulturoppleving til hausten. Velkomen i teateret!

Framsyningslengde: ca. 75 min. utan pause.

Urpremiere i Haugesund 6. oktober

Produsert av Riksteatret i samarbeid med Haugesund Teater.

Vert spelt i Haugesund før turné med Riksteatret til 40 stader hausten 2021.

Av Njål Helge Mjøs. Basert på songtekstar av Susanne Sundfør. Songtekstane er lisensiert av Sony/ATV Music Publishing Scandinavia. Regissør Helena Wik. Musikalsk ansvarleg Simon Revholt. Musikalsk medskapar Sjur Miljeteig. Scenograf og kostymedesignar Mari Lotherington. Koreograf Stian Vikjord Danielsen. Lysdesignar Ingrid Skanke Høsøien. Lyddesignar Amund Ulvestad. Dramaturg Njål Helge Mjøs. Produsent Wenche Viktorsdatter Paulsen.