
Kari Bremnes
Nordvendt, europeisk, opent, stort, personleg og melankolsk – er ord som
kan knyttast til Kari sin musikk. No kan du oppleve henne i eksklusivt duoformat saman med Bengt Hanssen på Oseana.
Den enorme spennvidda i konsertane hennar er ein signatur for Kari Bremnes band. Frå det lysaste til det ganske mørke og rå. Og heile tida med ein nærleik til folk og livsskjebnar.
Kari har skrive songar i 35 år og gitt ut 18 soloalbum.
Ho har i dag eit større publikum enn nokon gong, med eit stort konsertpublikum i fleire land og eit platepublikum over heile verda.
Ho er aktuell med 6 nye songar på EP-en «Ennu her» som kom ut i september. Om tittelen seier Kari:
– Eg har kalt plata for «Ennu her» fordi det er sant. At vi er her no. Samtidig. Så enkelt og sjølvsagt, men innimellom stort og merkeleg å tenke på. Vi snakkar, tenker, scrollar, høyrer musikk, drøymer, ler, pustar, elskar. Ser framover, ser tilbake, stryk ein katt, kryssar ei gate, går vidare. Vi som kan. Fordi vi enno er her.
Kari Bremnes har dei siste åra stort sett halde konsertar med heile bandet sitt. Men innimellom gjer ho nokre få, eksklusive konsertar i duoformat med Bengt Hanssen på tangenter og vokal. Han er også produsent for Kari sine utgjevingar.
– I duoen ønsker vi å ivareta mykje av det dynamiske spennet i musikken, sjølv om vi berre er to på scenen, seier Kari.
– Ved hjelp av eit ganske omfattande keyboardoppsett gir vi publikum ei større lydverd enn i eit klassisk duoformat. Det trur vi både songane og konsertane har godt av.
I tillegg til Kari og Bengt er lydmann Geir Østensjø ein sentral medmusikant i besetninga. På desse konsertane vil publikum få høyre eit breitt utval av dei nye songane og songar frå heile katalogen hennar.
—
Varigheit: om lag 90 minutt.
Rullestolplass og ledsagarbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no