
Mer enn ord – med Edvard Grieg Vokalensemble
Edvard Grieg Vokalensemble ønskar deg hjarteleg velkomen til «Mer enn ord – en konsertforestilling om musikkens farger» i foajéen på Oseana.
Songen har fulgt mennesket til alle tider – frå vogge til grav, i glede og sorg. Den gir oss meining, tilhøyrsle og minner. I Mer enn Ord inviterer Edvard Grieg Vokalensemble publikum til å utforske det nære forholdet mellom melodi og tekst – korleis stemmer, klangar og harmoniar kan forsterke følelsen orda uttrykker, og vise at ord aleine ikkje alltid er nok.
Gjennom eit variert program som spenner frå mellomalder til samtidsmusikk og jazz, blir det skapt musikalske rom der komponistane lar melodien løfte teksten til nye høgder – og der musikken seier det som ikkje kan seiast.
Programmet er utvikla i samarbeid med regissør og musikar Thomas Guthrie, kjent for sitt arbeid med blant andre Royal Opera Covent Garden, Liceu i Barcelona, Barokksolistene, Tallis Scholars og Solomon’s Knot. Guthrie er anerkjent for å skape sterke og engasjerande musikalske fortellingar som treffer breitt.
Mer enn Ord skal inngå som eit fast program i Edvard Grieg Vokalensemble sitt repertoar, utforma slik at det er tilpassa ulike konsertarenaer og publikumsgrupper.
—
Varigheit: om lag 60 minutt.
Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no
—
Oseana kafé vil vere open frå kl 12:00 og fram til arrangementet startar.