Swinging Christmas – Sjøforsvarets musikkorps og Silya Nymoen

Swinging Christmas – Sjøforsvarets musikkorps og Silya Nymoen

Korleis lade opp til jul? Kva med ein svingande konsert med Sjøforsvarets musikkorps og Silya Nymoen?

Silya vann Stjernekamp i 2013, og blei raskt kjend over heile landet. Ho er eit multitalent: syng, dansar, skriv låter og er òg skodespelar. Ho har deltatt i MGP både som låtskrivar og artist – og ved fleire høve også som programleiar.

Korpsets Swinging Christmas-konsertar er for lengst blitt ein tradisjon som mange berre få med seg før jul. Ikkje gå glipp av dette eineståande høvet
til å få ein svingande opplading til jul med ein av Norges største live-artistar saman med eit av Norges aller beste korps!

Foto Silya: Agnete Brun

Foto Sjøforsvarets Musikkorps med ubåt: Eivind Senneset

 –––

Varigheit: om lag 90 minutt.

Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no


Showmeny: julebuffet

Bestill eit måltid før arrangementet! Du bestiller og betalar maten på førehand, og får måltidet servert i kafélokala våre i 1. etg. Du kan møte opp 1–2 timar før arrangementet startar. Maten blir levert av Det Gode Selskap.  

Bestilling/kjøp skjer via billettsystemet vårt. Du kan anten bestille maten samtidig som du kjøper billettar til arrangementet, eller etterbestille maten seinare. Frist for matbestilling: innan kl. 11:00 dagen før arrangementet. Klikk her for å gå direkte til matbestilling til Swinging Christmas. 

Bordønske, allergiar o.l.: Ønskar du å sitte ved same bord som nokon i ei anna bestilling? Vil du informere om allergiar? Vil du avbestille? Ta kontakt med post@detgodeselskap.no innan kl. 11:00 dagen før arrangementet. Hugs å oppgi dato for reservasjon og namnet ditt.

Skal du bestille mat for grupper (6 personar +)? Ta kontakt på Det Gode Selskap på e-posten over for avtale og menyforslag.