
TeaterfrøUNG presenterer: Eventyret ventar
Hjarteleg velkommen til framsyning med TeaterfrøUNG i Vargasalen på Oseana!
Kva skjer når me sluttar å fortelje eventyr? Eventyret sluttar midt i, fordi forteljaren går heim, og kongen og dronninga veit ikkje kva dei skal gjere. Grete leitar etter smular ho la på stien for mange år sidan og trollet er lei av å alltid vere skurken. Alle vil vere prinsesser, frosken ventar på eit kyss og Casanova Askeladden synest det er urettferdig at alltid Espen får all merksemda. Når forteljaren kjem tilbake blir det forhåpentlegvis ein lukkeleg slutt på eventyret.
Skodespelarar:
NasrinSvendsen, Amanda Iden Næss, Serine Sofie Schmidt Fotland, Serina Kleppe Ødegård, Maren Viken Johansen, Lucia Simulakova, Sigrun Gylløw-Bakkem, Julie R. Morvik, Leonore Solberg Pettersen, Imre Hagatun.
Framsyninga passar for heile familien, frå 4 år og oppover.
Plakat/bilete øverst er laga av Malena Hollund Ekeland.
—
Varigheit: ca 35 minutt
Rullestolplass og ledsagarbillett: Det er eit avgrensa antal rullestolplassar tilgjengeleg. Ledsagarar har rett på gratisbillett. Kjøp/reserver billettar i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no