
Osøren jazzensemble – 50 år med gladjazz
I 2026 feirer Osøren Jazzensemble sitt 50-årsjubileum og inviterer deg til ein stemningsfull kveld fylt med gladjazz, speleglede og musikalsk historie.
Gjennom eit halvt hundreår har ensemblet vore ein viktig del av det lokale musikklivet, og står som ein av pionerane innan tradjazz i regionen. No tek dei publikum med på ei reise tilbake til røtene – til ei tid då musikken oppstod i uformelle samkomer, med improvisasjon, energi og ekte speleglede i sentrum.
Historia starta på 1970-talet, då fire musikkinteresserte karar i Os Musikkforeining ofte møttest til ymse uformelle samkomer som gjerne utvikla seg til «buskspel» og jamming utover kvelden.
Med inspirasjon frå det veksande tradjazzmiljøet i Bergen, og med heimkomsten til banjospelar Harald Lekven, vart idéen om eit eige ensemble fødd.
Hausten 1976 starta dei første øvingane, og allereie nyttårsaftan same året heldt
ensemblet sin debutkonsert på Solstrand.
Besetninga bestod av Karl Ole Midtbø (trompet), Geir Mildestveit (klarinett), Geirmund Sandven (trombone), Walfred Nøss (slagverk), Oddgeir Bjelland (elbass), Norvald Kobbeltvedt (piano) og Harald Lekven (banjo).
Eit av dei første høgdepunkta kom våren 1977, då ensemblet deltok i ambulanseaksjonen for å skaffe bygda sin eigen sjukebil. Fleire hundre menneske samla seg på torget til ein festdag prega av engasjement og musikk, der Osøren Jazzensemble bidrog med livleg gladjazz. Same sommar var sjukebilen på plass – til stor glede for bygdefolket.
Velkomen til feiring!!
Her vert det levande historie framført av eit ensemble som framleis spelar med hjarta utanpå skjorta, og den glade gjengen vert supplert med ei rekke gjester. Hovudgjesten vert ingen ringare enn vår eiga verdsstjerne Marius Neset.
Bli med og feir 50 år med musikk, tradisjon og speleglede!
___
Varigheit: om lag 90 minutt
Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no