Bjørnafjorden demenskor – med gjestar

Bjørnafjorden demenskor – med gjestar

Bjørnafjorden demenskor ønskjer deg hjarteleg velkommen til ein liten time med høg allsongfaktor og god stemning. Her får du oppleve musikken si magiske kraft, og kjenne kor godt song gjer for hovudet, kroppen, sjela og humøret!

Demenskoret starta opp i april 2023 og har songarar frå heile kommunen som møtest til øving kvar veke på Oseana.

Her står songglede og meistringskjensle i sentrum. Vi framfører eit variert repertoar med kjende og kjære songar, og vi syng med den stemma vi har!

Denne kvelden får vi også besøk av nokre gjestar som vi gler oss stort til å presentere for publikum.

Stine Kobbeltvedt frå Os frivilligsentral leier koret saman med musikkterapeut Solfrid Harstad Hernes.
Med seg har dei ein fantastisk gjeng med frivillige medarbeidarar, i tillegg til demenskoordinatorane Sølvi Bjørnevoll Fagertveit og Anne-Siv Skåthun Berge, og Bjørnafjorden demensforening.

Velkommen til ei varm og rørande konsertoppleving!

___

Varigheit: om lag 1 time