The Show Must Go On – Queen, the Golden Years

The Show Must Go On – Queen, the Golden Years

Åge Sten Nilsen & The Show Must Go On-ensemblet hyllar Queens første «golden years» 1975–1976.

Det britiske bandet Queen er eit av dei største banda i moderne musikkhistorie. Filmen «Bohemian Rhapsody» og musikalen «We Will Rock You» har vore med på å halde musikken og bandet levande og aktuelt også for nye generasjonar. Dei siste åra har fleire populære tributeband ført musikken deira vidare på norske scener.

Åge Sten Nilsen og bandmedlemmene hans starta si hyllest til Queen allereie i 2007. Fram til 2018 turnerte dei landet rundt med Noregs største tributeframsyning, «The Show Must Go On, ei storslått hyllest til Queen», og nådde over 600 000 publikummarar. Mona Levin i Aftenposten kåra Åge Sten Nilsen til «Skandinavias beste Freddie Mercury-tolkar».

Åge har sidan den gong gjenforeint det legendariske bandet sitt Wig Wam, som gjennom temalåten «Do Ya Wanna Taste It» i HBO Max-serien «Peacemaker» har fått ein ny renessanse, med turnear og festivaloppdrag i USA og Skandinavia.

Men no er dei i gang igjen med ei Queen-hyllest ulik alle andre. I «Queen, The Golden Years» er fokuset på den første stordomstida til gruppa, 1975–1976, då dei skapte dei klassiske albuma «A Night at the Opera» og «A Day at the Races», og sjølvsagt gav ut den banebrytande superhiten «Bohemian Rhapsody».

I denne perioden skapte bandet nokre av dei vakraste balladane sine, som «Love of My Life» og «You Take My Breath Away», nokre av dei tøffaste rockelåtane, som «Tie Your Mother Down» og «I’m in Love with My Car», og store hymnar som «Somebody to Love», «The Prophet’s Song», «Teo Torriatte» og «Bohemian Rhapsody». Dei viste óg den musikalske breidda si med låtar som «Seaside Rendezvous», «Lazing on a Sunday Afternoon» og «The Millionaire Waltz».

I tillegg til dei store hitane får vi høyre låtar frå dei to klassiske albuma som få tributeband vågar seg på. Dette er verkeleg konserten for Queen-kjennarar og musikkelskarar.

Publikum får sjølvsagt óg ei «Best of»-avdeling med nokre av dei største hitane som skulle kome seinare, før det heile blir avslutta med ein finale med stor allsonggaranti.

Velkommen til Noregs første og største Queen-hyllest!

___

Varigheit: Ca 75 minutt

Servering: Gjer kvelden komplett med ein god middag eller noko godt i glaset før arrangementet. Oseana Kafé held ope fram til arrangementsstart, og kjøkkenet stenger éin time før. Sjå meny og bestill bord på www.oseanakafe.no

Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt (917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.