Utstilling: Aurora Solberg

Utstilling: Aurora Solberg

Velkommen til utstillingsopning onsdag 11. november kl. 19.00! Bli med inn i Aurora Solberg si fargerike fantasiverd!

Aurora Solberg (f. 1987) arbeider med den japanske måleteknikken nihonga, der ho nyttar mineralpigment og papir til å skape sine særprega kunstverk. 

På opningsdagen
Solberg vil sjølv vere til stades under opninga og fortelje meir om arbeidet sitt i ein sofaprat med kurator Jørgen Larsson.

Utstillinga blir vist i Galleri Hvelvet frå 11. november til 20. desember. Utstillingsopninga er open for alle, og det er gratis inngang.

Samlingsutstilling
I det store visningsrommet vårt kan du òg oppleve haustens samlingsutstilling, med eit utval verk frå Grieg Kunstsamling.

Praktisk informasjon:

  • Utstillingsperiode: 11. november til 20. desember
  • Opningstider: Onsdag–søndag kl. 12.00–16.00
  • Billettar: Vaksne 100 kr | Barn, studentar og honnør 50 kr. Kjøpast i resepsjonen. Gratis inngang på opningskvelden.
  • Parkering: Gratis parkering rett utanfor (inntil 9 timar)
  • Servering: Nyt mat og drikke hos Oseana Kafé
  • Omvising: Opplev Grieg Kunstsamling saman med ein av formidlarane våre søndagar kl. 13.00. Omvisinga er inkludert i inngangsbilletten.

____

Meir informasjon om utstillinga kjem snart.

Tusen takk til Grieg Foundation for eit godt samarbeid!