Familieverkstad – Vi teiknar og målar hus

Familieverkstad – Vi teiknar og målar hus

Me teiknar og målar hus frå Os i Thorbjørn Egner- stil.  

Bli med på eit kreativt familieverkstad der vi teiknar og målar hus frå Os og omegn inspirerte av den varme og fantasifulle stilen til Thorbjørn Egner. Mange kjenner Egner frå forteljingane om Kardemomme by, der husa er fargerike, sjarmerande og fulle av personlegdom. Illustrasjonane hans kombinerer enkle former, fine detaljar og ein leiken bruk av fargar som inviterer til undring og forteljing.

Vi tek utgangspunkt i fotografi av lokale hus og bygningar frå Os og nærområdet. Først arbeider vi med blyantskisser, deretter akvarell, og let oss inspirere av Egners lette og livlege uttrykk.

Velkomen til ei stund fylt med kreativitet, fargar og lokal byggjeskikk sett gjennom eit eventyrleg blikk.

__
 
Praktisk info:  
Stad: Foajeen
Antall plassar: 30
Varigheit: 2 timar
Pris: 150,-
 

Målet med verkstaden er at foreldre og barn skal skape og oppleve noko saman. Difor må også foreldre eller andre deltakarar kjøpe eigen billett for å dekke  
utstyrskostnader.
 
Inkludert inngang i Grieg Kunstsamling
Som deltakar på familieverkstadene får du også fri inngang til Grieg Kunstsamling, der de kan utforske kunsten på Oseana saman. (Ordinær inngangspris er kr 100 for vaksne og kr 50 for barn.)

Mange takk til Grieg Foundation, som bringer kunstglede til store og små.