Nobel Fredsenter: «Hva er vi villige til å kjempe for i dag?»
GRATIS INTRO MED NOBELS FREDSSENTER FØR FRAMSYNING
Nobel Fredsenter blir med Riksteatret på turné med introforedraget, ”Hva er vi villige til å kjempe for i dag?”, som blir arrangert i samband med framsyninga «Jeanne d’Arc».
Kl. 18.15
Stad: Griegsamlingen
Varighet: 15 minutt
Kva er vi villige til å kjempe for i dag? Ved første augekast verkar det som eit ganske stort spørsmål, og det er det også. Kanskje får du straks nokre tankar om kva for verdiar og ting det er verdt å stå opp for i samfunnet nett no?
Jeanne d’Arc har engasjert og fascinert menneske i mange hundre år. Historia om den franske jentas liv og skjebne er både opprørande og inspirerande for mange. Difor har Riksteatret invitert Nobels Fredssenter med på turné. Dei forvaltar nokre av vår tids viktigaste historier om menneske som kjempar for noko større enn seg sjølv.
I introforedraget får du høyre om fredsprisvinnarar og deira mot, deira kampar – og om kva slags historier som inspirerer oss.
Velkomen!