Rasmus Wold – Gutt (32)
Eit standupshow av og med Rasmus Wold om etableringsfasen og manglande tilbod på vaksenkurs i kommunen.
Regi: Vemund Vik
Kva gjer du når alle venane dine plutseleg får barn, giftar seg, kan skifte dekk på bilen og har oversikt over reknekap, membran og veketal? For Rasmus Wold er svaret enkelt – han lagar eit standupshow.
«Gutt (32)» er oppfølgjaren til debutshowet «Sportsidiot», som gjekk sin sigersgang på Latter og etablerte Rasmus som ein av landets framste standupkomikarar. Denne gongen spinn han rundt det vanskelege med å bli vaksen og alt ein er nødt til å forhalde seg til i kraft av å bli eldre. Med Rasmus sitt unike blikk og evne til å finne vitsar over alt, er vi sikre på at dette blir eit hysterisk morosamt show som dei aller fleste vil kunne kjenne seg igjen i. Anten du er 32 år, har vore 32 år eller skal bli 32 år.
«Fryktelig morsomt fra start til slutt»
AFTENPOSTEN
«Jeg moret meg sterkt»
RADIO RIKS
Vi gler oss til enda eit soloshow med den fantastiske Rasmus Wold!
Framsyninga varer i ca. 75 minutt – utan pause.
OBS: Dei nummererte plassane utgår, det blir unummerert kaféoppsett med open bar under heile showet. Velkomen!