Pling vaken!

Pling vaken!

Forfattar og skodespelar Irene Ahnéll har med seg skodespelarkollega Mette S. Tønseth og dokkene frå teaterstykket basert på boka Pling vaken. I staden for ei vanleg opplesing, får også Klara- og skåpmonster-dokkene vere med i ein levande presentasjon av boka – og ungane får helse på dei alle fire etter lesestunda. 

Klara driv mora si til vanvidd med alle små og store påskott til ikkje å sove. Men merkelege ting hender i Klara sitt rom, og Klara forstår at det ikkje er berre berre å vere mamma og prøve å få nokon til å sove….

Pling vaken er ei historie dei aller fleste vil kjenne seg att i. Men historia har ein fiffig tvist og morosam vri, og det vert ei fornøyeleg stund saman med Klara, monsteret, Irene og Mette.

Passar frå 3 år

Varer ca. 1 time.