
Best of The Beatles – med Det Betales
Det beste frå The Beatles med bandet som er utropt til «The best Beatles tribute band in the world»!
Det Betales frå Drammen har spelt over 50 konsertar på The Cavern Club i Liverpool, og de blei utropt av The Beatles sin manager Alan Williams til «The best Beatles tribute band in the world». Ikkje fordi dei liknar på originalane utsjåaendemessig, men fordi dei har musikalitet, humor, energi og ekte kjærleik til musikken.
Her får du servert alle topplåtane frå The Beatles, ein hitparade med topplistelåtar èin etter èin.
We hope you will enjoy the show!
–––
Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no
___
Matservering: Showmeny
Til dette arrangementet tilbyr vi ein eigen showmeny. Du bestiller og betalar på førehand, og får måltidet servert i kafélokala våre i 1. etg. før arrangementet. Du kan møte opp 1–2 timar før arrangementet startar.
Bestilling/kjøp skjer gjennom billettsystemet. Når du kjøper billettar, vil du få tilbod om å legge til matprodukt. Du kan òg etterbestille mat etter du har kjøpt billettane (lenke under). Frist for matbestilling: innan kl. 11:00 dagen før arrangementet.
Maten blir levert av Det Gode Selskap.
Klikk her for å kome direkte til matbestilling for dette arrangementet.
Bordønske, allergiar o.l.: Vil du sitte ved same bord om nokon i ei anna bestilling? Vil du opplyse om allergiar? Vil du avbestille? Ta kontakt med post@detgodeselskap.no – innan kl. 11:00 dagen før arrangementet. Hugs å oppgi dato for reservasjon og namnet ditt.