Bjørnafjorden Demenskor m/gjestar

Bjørnafjorden Demenskor m/gjestar

Bjørnafjorden demenskor gjentek suksessen, og ønskjer deg velkommen til konsert med høg allsongfaktor og god stemning. Her får du oppleve musikken si magiske kraft – kjenn kor godt song gjer for hovudet, kroppen, sjela og humøret!

Koret starta opp i april 2023, og har songarar frå heile kommunen som treffast til øving kvar veke på Oseana kunst- og kultursenter.

Vi har fokus på glede og meistringskjensle, vi har eit variert repertoar av kjente og kjære songar – og vi syng med den stemma vi har!
Denne kvelden har vi også med oss nokre gjestar som vi gler oss til å presentere for publikum.

Stine Kobbeltvedt frå Os frivilligsentral leier koret saman med musikkterapeut Solfrid Harstad Hernes. Med seg har dei ein fantastisk gjeng med frivillige medarbeidarar, i tillegg til demenskoordinator Sølvi Bjørnevoll Fagertveit, Anne-Siv Skåthun og Bjørnafjorden demensforening.