Blomqvist på Oseana – Vurderingsdag

Blomqvist på Oseana – Vurderingsdag

3. mai er Blomqvists ekspertar tilgjengelege på Oseana for å gi verdivurderingar og for å ta imot kunst og møblar. Dei er til stades i foajeen på Oseana frå 13.00 til 18.00. Har du noko med litt storleik, så kan vi òg vurdera bilde.

Os har lange tradisjonar for møbelproduksjon, og auksjonshusa ser at møblar som er produserte av møbelprodusenten Gustav Bahus Etft. sel godt i dagens marknad. Modellane som er teikna av ein anerkjent designar, er ekstra ettertrakta. F.eks Fredrik Kayser og Rastad og Relling tegnekontor.
Har innbyggarane i Bjørnafjorden kommune spennande objekt for sal på auksjon?
Auksjonshuset Blomqvist søker etter objekt for sal på auksjon. Dei er på jakt etter kunst, antikvitetar, designmøblar, sølv, smykkar, klokkar og vesker. Har du noko innan desse kategoriane som du trur kunne vera aktuelt for oss, så hjelper dei deg gjerne med å selja.

Frå kl 19 – 20 deltar Blomqvists ekspertar i samtale med Jørgen Larsson i restauranten. Då blir det fokus på kunst og møblar frå 50- og 60-talet. Korleis står objekt frå denne tida seg i dagens marknad. Kva kunstnarar er populære no og kva møbelmodellar kan du rekna med å få godt betalt for på auksjon? Dette er nokon av spørsmåla vi drøftar i denne samtalen.
Ta kontakt med Oseana eller Blomqvist om du har spørsmål vedrørande vurderingsarrangementet.