Character Development – Teikneworkshop med Even Mehl Amundsen

Character Development – Teikneworkshop med Even Mehl Amundsen

Bli med på 2 dagars praktisk workshop om karakterutvikling og karakterdesign med Even Mehl Amundsen. Lær enkle retningslinjer om korleis du skapar liv i karakterane dine. Even tar utgangspunkt i kvar enkelt deltakar sin individuelle prosess, og vil sjå på overordna prinsipp som handlar om karakterdesign generelt. Om du har iPad pro og Apple Pencil, anbefalar vi å installere Even sin favoritt-app Procreate, då det kan vanke eit par fine Procreate-tips. Det går også an å jobbe på papir, workshopen er åpen for alle teiknemedium, om det er digitalt eller analogt. Ta gjerne med det du vil arbeide på. Vi har papir og blyant, om det trengs.

Even Mehl Amundsen er kjend for TEGN-serien og karakterane han har utvikla for mellom anna Assassin’s Creed® Valhalla og Warhammer. Han har jobba årevis i spelindustrien og som illustratør. I tillegg har han gitt ut fire bøker, TEIKN 1-3 og DECADE. Han har ein svært populær Instagram-konto @evenmehlamundsen, der han deler teikningar og historier til sine over 330 000 følgjarar.

Det vil bli servert kaffi, te og vatn. Du er velkomen til å ha med matpakke.
Oseana kafé og restaurant vil ha gode festivaltilbod på lunsj og middag.

Avgrensa plassar: maks 20 deltakarar
Aldersgrense: 16 år
Nivå: Litt erfaren

Workshopen går over to dagar, både torsdag 27. juli og fredag 28. juli
kl. 12.00 – 18.00 begge dagar

Nettsida til Even:
https://www.evenamundsen.com/