
Christel Alsos – Loved Songs Tour
Konserten finn stad i vakre Grieg Kunstsamling – ei intim og eksklusiv oppleving for eit avgrensa publikum. Her kjem du tett på musikken, stemninga og Christel Alsos si unike formidlingsevne. Sikre deg ein plass til ei magisk og nær konsertoppleving!
Christel Alsos har ei stemme som grip tak i deg, anten ho framfører eigne låtar eller tolkar andre sine. Med eit særpreg som kjennest i margen og gir gåsehud, blir dette ei oppleving du ikkje vil gå glipp av.
«Hver låt jeg skriver eller tolker, har vært et forsøk på å oppdage, forstå sider ved meg selv, mine nærmeste rundt meg og å sette ord på hvordan verden oppleves. Fortelle historier som får oss til å stoppe opp litt i alt som surrer rundt konstant. Og forhåpentligvis bli minnet på at flere føler det på samme måte, og dermed tette igjen litt av avstanden mellom oss. Denne turnéen er det mest ambisiøse forsøket noen sinne, gjennom å gjøre den mest intime og nedstrippede konserten jeg har reist rundt med» fortel Christel.
Vinteren 2025 pakkar ho gitaren og harpa, og reiser landet rundt for å utforske personlege musikalske variasjonar og nyansar saman med sin fabelaktige pianist Andreas Vold Løwe.
Med mindre å gøyme seg bak blir dette ei hudlaus tilnærming til hennar eigne favorittar i låtkatalogen og songar ho lånar av andre. Ei slags personlig songbok for 2025 som ho ønskjer å dele med publikum. I tillegg røpar artisten at det også blir nokre eksklusive smakebitar på nye låtar, og legg også til at ho gler seg stort til kome nærare folk, stadar og hus igjen!
Velkommen til konsert!