Cosplay kostymeworkshop med Elida Odine Grøndahl

Cosplay kostymeworkshop med Elida Odine Grøndahl

Bli med på 3 dagar med praktisk workshop der du kan lage dine eigne kostyme til cosplay eller andre høve. Elida Odine har ein Bachelor i kulturvitskap frå UiB. Ho er prosjektkoordinator på Spillhuset og jobbar frilans med cosplay kostymeworkshops.

Vi har både symaskiner og tekstilar, men om du har di eiga favorittmaskin eller tekstil du vil bruke, så må du gjerne ta det med.

Avslutning med show framfor Skaparstovo ved torget i Os sentrum laurdag kl. 15.30 for dei som har lyst.

Workshopen blir holdt i Oseana, og vi byr på gratis kaffi, te og vatn i lokalet.

Du er velkomen til å ta med matpakke, men restauranten vil også tilby ein herleg festivalmeny som du kan kjøpa hjå dei.

Maks antall deltakarar: 15

Alder: frå 16 år

Varar 3 dagar; torsdag 27. juli, fredag 28. juli og laurdag 29. juli frå kl. 13.00 – 18.00