CoverLovers

CoverLovers

CoverLovers er eit lokalt event- og festband med eitt hovudmål: å skape skikkeleg god stemning! Med eit variert repertoar av kjende låtar frå fleire tiår ligg alt til rette for ein kveld med musikk som får folk opp av stolane og ut på dansegolvet.

Bandet består av Leif Østrem, Marianne Eckhoff Evensen, Anna Lisa Lekven, Laila Moberg og Irene Ullensvang på vokal, Ken Williams på trommer, Bjørn Stian Bjoarvik på gitar, Inge Johannes Bergheim på tangentar og Alvin Vestrheim på bass.

DJ Linda S sørgjer for å halde stemninga oppe! Med solid erfaring bak DJ-pulten og ein eigen teft for musikk tek ho oss med inn i dagens klubbverd og sørgjer for at kvelden blir komplett.

___

Konserten er på flatt golv i Oseanasalen, kun ståplassar.

Varigheit: Ca 3 timar

Servering: Gjer kvelden komplett med ein god middag eller noko godt i glaset før arrangementet. Oseana Kafé held ope fram til arrangementsstart, og kjøkkenet stenger éin time før. Sjå meny og bestill bord på www.oseanakafe.no

Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt ( 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.