
Daniela Reyes
Daniela Reyes er tilbake med ny musikk, så ærleg og underfundig at det er nær umogleg å ikkje stoppa opp og lytte.
Daniela Reyes kan – sin unge alder til tross – sjåast som ein føregangsfigur for denne nye generasjonen visesongarar. Ho er allereie hylla som ein av våre beste, unge tekstforfattarar.
I 2021 slapp ho gjennombruddssingelen «Usikker musiker» etterfulgt avdebutalbumet Engangsdager. Her fekk ho skryt frå ei einstemmig musikkpresse som kåra ho til årets beste debutant. Albumet blei også premiert med ein drøss av gode meldingar, og ho vann Spellemannprisen i kategorien Årets
tekstforfattar.
Blant anna skreiv musikkjournalist Audun Vinger desse orda etter ein konsert:
«…noen få ganger opplever man en artist som får tid og rom til å opphøre. Daniela Reyes er en artist med slike låter, og en temmelig overrumplende, innover-dirrende aura».
Det ho leverer på sitt nye album «La meg bli ditt gjemmested» viser ein artist som framleis er i rasande utvikling. Albumet kom ut 26. september, og har fått strålande kritikkar, med både fem og seks
i terningkast.
I haust drar ho på turné. Nye songar. Nytt format. Nært, rått og vakkert. Ein musikalsk gøymestad du ikkje vil ut av.
—
Skrive om «La meg bli ditt gjemmested»:
«Leverer et av årets sterkeste norske album. Daniela Reyes har en unik evne til å sette ord på følelser». (Eivind August Westad Stuen, Aftenposten 30.09.2025)
« Vokalen er så nær og personlig at det høres ut som hun sitter i samme rom som deg. Tekstene
holder også samme sterke nivå som på debutplata». (
Ådne Evjen,
Disharmoni 27.09.2925)
«(..)det er bare å la seg føre inn i Daniela Reyes’ gjemmested. Her er det fint å være».
(Ådne Evjen, Disharmoni 27.09.2925)
«For det er en dybde i lyrikken til Daniela som gjør at jeg blir sittende ytterst på stolsetet for å komme under huden på budskapet hennes». (Tor Hammerø,
Nettavisen 02.10.2025)
«Musikken er vakker og inntil beinet. Den er noen ganger så skjør at jeg lurer på om den bryter sammen – noe den sjølsagt ikke gjør.» (Tor Hammerø, Nettavisen 02.10.2025)
–––
Musikk, kunst og fjord: Konserten finn stad i flotte omgivnader i Grieg Kunstsamling. Gå ikkje glipp av ei unik oppleving der du får nyte musikk omgitt av fjordutsikt og flotte kunstverk!
Varigheit: 60-90 minutt.
Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no
Oseana kafé vil vere open frå kl 12:00 og fram til arrangementet startar.