Drink and Draw Cosplay Edition – med Torild Stray

Drink and Draw Cosplay Edition – med Torild Stray

Open teikneeøkt - lær aktteikning med eit glas og god stemning.

Denne gongen kjem Torild Stray med to modellar. I tillegg til akt, vil ein cosplay-modell posere i kostyme inspirert av emna i sølvpustutstillinga - mytar, fantasi og spel.

Ein treng ikkje nokre forkunnskapar. Ta med litt mat og vatn til pause mellom øktene.

Billettprisen inkluderer div papir, kol og viskelér. Vi har teikneplater og og nokre staffeli til utlån for dei som ønskjer det.

Baren vil vera åpen for kjøp av forfriskningar.

Om Torild Stray:

Torild Stray har stilt ut i New York og Noreg sidan tidleg 1990-tal. Hennar kunstnariske visjon og dedikasjon som målar har begeistra kritikarar og blitt godt motteke av internasjonale kunstsamlarar. Ho har motteke ei rekkje prisar og stipend, mellom anna The Agnus Gund Scholarship, The New York Times Scholarship, American Scandinavian Society Cultural Award og eit omfattande stipend frå Charles Revson Foundation.

I 1998 deltok ho ved gjestekunstnarprogrammet til The Lower Manhattan Cultural Council og fekk slik åtgang til å måle New York City høgt oppe frå tvillingtårna i World Trade Center. Hovudarbeidet frå denne perioden, N.Y. Metamorphosis, en fem meter lang kolteikning, ble i 2018 innlemma og utstilt i den permanente samlinga ved National September 11 Memorial & Museum.

Etter ein lengre reiseperiode med reiser i Sør-Øst-Asia, starta Stray si mangfaldige kunstutdanning. Fyrst på Strykejernet kunstskole, Oslo, etterfulgt av Nordiska Konstskolan, Kokkola, Finland, og 4 års studier ved New York Studio School of Drawing, Painting and Sculpture.

Torild Stray har i dag eit aktivt studio i Bergen og driv Bergen Akt & Kroki. Ho delar tida si mellom Noreg og New York.

_______________________________________________________________________________

Adkomst / kollektivtransport: Frå Bergen - ta buss nr. 600 frå perrong L på Bergen Busstasjon. Gå av på Osøyro, ca 45 min køyretur. Oseana ligg 5 min i gåavstand frå haldeplass. Det er også gratis parkering langs kaia og i Os sentrum, og to handicapplassar ved hovudinngang

Fredag 28. juli kl. 18.00 – 22.00