Få bill.Familiekino: Håndbok for superhelter

Familiekino: Håndbok for superhelter


Sparebanken Norge inviterer til rimelig kino for familien, for å gje deg ein super start på vinterferien. Få med deg animasjonsfilmen «Håndbok for superhelter», som er basert på den kjente bokserien.

Kinobilletten inkluderar 1 stk popcornmeny (brus + popcorn). Filmen passar for barn frå 6 år og oppover.

Om filmen:

Supersuksessen «Håndbok for superhelter» er endeleg blitt film! 

Lisa har nettopp flytta til byen Rosenhill og slit med å finne sin plass. Men ein dag oppdagar ho ei handbok som lærer bort superkrefter. Ho blir superhelten Røde maske og klarar å forhindre tjuveriet av ein sjeldan mynt. Men når byens gangsterkonge Wolfgang kidnappar ordføraren for å få tak i mynten, blir alt sett på spel. Kan Lisa samarbeide med dei som mobbar henne for å nedkjempe Wolfgang – før han stel ein 700 år gammal skatt som kan redde byen frå undergang?

Filmen er basert på dei fire første bøkene i bokserien; Håndboken, Røde maske, Alene og Ulvene kommer.

Filmdetaljar:

Originaltittel: Handbok för superhjältar

Sjanger: animasjon

Manus: Anoo Bhagavan

Distributør: SF Norge
Produksjonsår: 2025
Regi: Patrik Forsberg
Komponist: Jonah Nilsson
Produksjonsselskap: Stiller Studios og Qvisten Animation

___

Praktisk informasjon:

Aldersgrense: 6 år
Framsyningslengde: om lag 90 minutt

Oseana kunst- og kultursenter er ope frå kl 12:00.

Open kiosk. Kinobilletten inkluderar 1 stk popcornmeny (brus + popcorn).

Det er satt ei avgrensing på maks fem billettar per kunde.  

Rullestolplass og ledsagerbillett: Ledsagarar får fri inngang. Eit avgrensa antal rullestolplassar er tilgjengeleg. Billettar til ledsagar og rullestol får du via resepsjonen – kom innom eller kontakt oss på telefon 917 50 231 eller e-post resepsjon@oseana.no

Filmvisinga er finansiert av Sparebanken Norge, og blir arrangert i samarbeid med Oseana kunst- og kultursenter og Bygdekinoen. Billettinntekter (eks. avgift) vil gå til eit veldedig formål: Os turlag.