
Familieverkstad – Lag din eigen påskepynt
Ta med familien og bli med på påskeverkstad! Saman lagar vi morosame figurar som retrohøner, dinglekyllingar og fargerike filt-egg!
Ein koseleg og rimeleg aktivitet som kombinerer læring, kreativitet og kvalitetstid med familien.
Vi syr og limer i filt, enten etter mønster eller eigne idear. Alt materiale og utstyr er inkludert i prisen. Påskepynten kan takast med heim same dag.
Målet med verkstaden er at foreldre og barn skal skape og oppleve noko saman. Difor må også foreldre eller andre deltakarar kjøpe eigen billett for å dekkje utstyrskostnader.
Stad: Foaje
Pedagog: Inga S. Søreide
Antall plassar: 30