Fjordar – speltesting og vising
Bli med på speltesting og vising. Brettspelet Fjordar handlar om borgarkrigstida i Noreg. I løpet av spelet blir spelarane introdusert for både kjente og mindre kjente personar som levde på den tida. Noreg blei styrt av fleire kongar samstundes, som havna i konflikt med kvarandre. Nokon meinte at kyrkja skulle ha meir makt enn kongen. Andre meinte at kyrkja skulle vore underlagt kongemakta, og ei rekke kyrkjer blei brent ned.
Spelarane styrer i spelet kvar sin kongefamilie. Dei får poeng ved å finne arvingar som er spredt rundt på brettet, ved å bringe dei tilbake til heimborga, ved å vinne slag, og av å bygge kyrkjer eller brenne dei ned.
Med Frode Brandø og Go to pieces Games.
Arrangementet er gratis, drop in.
Tidspunkt:
Kl. 13.00 – 16.00 torsdag 27. juli og fredag 28. juli