HIVJU and The Garbage King

HIVJU and The Garbage King

HIVJU and The Garbage King startar Noregsturneen på Oseana

Oseana blir første stopp når HIVJU and The Garbage King legg ut på Noregsturné i haust. Med kontrabass, nylonstrengsgitar og Hivju si karakteristiske røyst kan du vente deg ein nær og stemningsfull konsertoppleving.

HIVJU and The Garbage King er eit musikalsk samarbeid mellom skodespelar Kristofer Hivju og produsent og musikar Olav Lystrup. Duoen byr på sterke tekstar og eit rått, akustisk uttrykk.

Kristofer Hivju er mest kjend frå Game of Thrones, BECK og ei rekkje internasjonale filmar og TV seriar. Men musikken har alltid vore ein viktig del av livet hans. Han starta sitt første band som tiåring, har turnert i Noreg og Europa med bandet WAX og skrive eigne låtar heile livet. No er han tilbake der det heile starta.

Prosjektet debuterte på Rockefeller i 2022 som support for Luke Elliot, og har sidan utvikla seg vidare både på scena og i studio. Debutalbumet er under arbeid.

Olav Lystrup er produsent og multiinstrumentalist og har samarbeidd med artistar som Torgeir Waldemar, The Turns og Impossible.

Velkomen til turnéstart på Oseana, og ein kveld med Kristofer Hivju og Olav Lystrup tett på publikum.

___

Lokale: Intimkonsert i Oseanasalen med sitjeplassar ved runde bord (unummererte plassar).

Servering: Gjer kvelden komplett med ein god middag eller noko godt i glaset før arrangementet. Oseana Kafé held ope fram til arrangementsstart, og kjøkkenet stenger éin time før. Sjå meny og bestill bord på www.oseanakafe.no

Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt ( 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.