
I rampelyset!
Bjørnafjorden kulturskule inviterer til ein strålande kveld med elevar og lærarar frå musikk-, sang- og danselinjene. I tillegg blir det utstilling ved ved elevane på visuelle kunstfag.
Under framsyningane i Oseanasalen blir det flott storband, kjende melodiar frå film og musikal, og meir.
I foajéen blir det flott utstilling ved elevane på visuelle kunstfag. Utstillinga kan besøkast gratis og blir ståande til og med søndag 19. april.
—
Varigheit: Framsyninga varer i om lag 1 time
Ledsagarar og rullestolar: Ledsagarar har fri inngang. Det finst eit avgrensa antal rullestolplassar tilgjengeleg. Billettar til ledsagar og rullestol får du i resepsjonen – kom innom eller kontakt oss på telefon 917 50 231 / e-post resepsjon@oseana.no