Kim Diaz Holm: Troll, skrømt & utanforskap
Foto: Uncle Allan Photo.Ein del av SØLVPUST, årets sommarutstilling på Oseana. https://www.oseana.no/event/solvpust-myter-fantasy-og-romantikk/
Historieforteljing og samtale.
TikTok-stjerna og kunstnar Kim Diaz Holm fortel og visar fram sine nye illustrasjonar til det norske eventyret Følgesvennen. Etterpå blir det samtale med kunsthistorikar Tonje Haugland Sørensen om bruken av troll og uhyre i kunsten.
I eventyret Følgesvennen følgjer me bondeguten i den strabasiøse ferda hans for å vinna prinsessa og rikdommen til trollet, med hjelp frå Følgesvennens magiske krefter. Dette er ei historie som har følgt Diaz Holm sidan han var liten, og han har lenge hatt lyst til å laga nya illustrasjonar og video til eventyret. 7. mai blir det verdsspremiere på videoen, med Diaz Holm si personlege gjenforteljing av eventyret.
Om Kim Diaz Holm
Kim Diaz Holm (1980), også kjend som Den Unge Herr Holm, er ein kunstnar frå Bergen som jobbar for å spreie kunst til gratis bruk og fremme opphavsrettsreform. Han teiknar daglege blekkmonstre og fortel om mental helse, mytologi, folkesagn og opphavsrettsreform til sitt publikum på over 1,3 millionar på TikTok og 200 000 på YouTube.
Som ex-teikneserieskapar har Kim tidlegare jobba for nokre av Noregs største teikneserieblad. Han har også publisert eigne verk, som hans kritikarroste versjon av H.P. Lovecrafts «Pickman’s Modell». Sidan 2010 har han teikna live frå scenesida under ekstremmetallkonsertar, og jobba med band som Vreid, Solstafir, 1349, Primordial og Enslaved. Han har halde utstillingar på Galleri Fjalar, galleriet driven av svartmetall-legenda Gaahl. Med svart blekk og hardt penselstrok utforskar han skrekk, myter, fantasi og fortviling. Sidan 2018 har han lagt til fargerike visjonar i blekk, akryl og olje til hans stadig veksande stil. På nettet har han gitt vekk over 3000 høgoppløyselege teikningar til fri bruk under ein Creative Commons Attribusjonslisens, og mange har kunsten hans tatovert på kroppen. Band, veldedige organisasjonar og enkeltpersonar har brukt hans gratis kunst: https://denungeherrholm.com/
Om Tonje Haugland Sørensen
Tonje Haugland Sørensen jobbar med kunst og visuell kultur, med hovudvekt på resepsjon av historie og historiografiske spørsmål. Doktorgrada hennar omhandla andre verdskrig i norske spelefilmar. I tillegg har ho jobba mykje med tysk og norsk kunst på 1800- og tidleg 1900-tal.