Kniv og Taffel – Tafler julen inn

Kniv og Taffel – Tafler julen inn

Endeleg kjem Kniv og Taffel Swingjazzorkester til Oseana med sin legendariske julekonsert! 

Dette femmannsorkesteret har i ei årrekke «tafla jula inn» med Django Reinhart-inspirert fiolinjazz. Her tar det av med virtous stringswing og smektande julesongar i jazzversjon, ispedd ein solid dose humor. Publikum blir drive ubønnhøyrleg til eufori, og sørger alltid for at neste års julekonsert blir utseld på ein blunk. Her er det berre å skaffe seg billett først som sist!

Musikarane er kjente frå blant anna Real Ones, og flerie av dei har vunne høgthengande jazzprisar som Vossajazzprisen og Nattjazzprisen.

David Vogt – fiolin, vokal
Mads Berven – gitar, vokal
Karl Wallevik – nylonstrengsgitar, vokal
Kristoffer Vogt – kontrabass, vokal
Kåre Opheim – trommer, vokal

Musikk, kunst og fjord: Konserten finn stad i flotte omgivnader i Grieg Kunstsamling. Gå ikkje glipp av ei unik oppleving der du får nyte musikk omgitt av fjordutsikt og flotte kunstverk.

Varigheit: om lag 90 minutt.

Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no