UtseldKongshaug musikkgymnas 25 år

Kongshaug musikkgymnas 25 år

Det er med glede og takksemd Kongshaug musikkgymnas inviterer til festkonsert i anledning at skulen feirar 25 år som musikkgymnas.
Vi vil denne kvelden kaste eit skråblikk på oss sjølve og livet på «Haugen» gjennom eit variert repertoar og nokre visuelle glimt. Musikken de får høyre vil, som vanleg, spenne over eit vidt spekter: det vil bli både pop, jazz, klassisk musikk og gospel.
Vi trur det blir ein forrykande konsert som vil spegle skulen sin visjon: «Skapt til utfoldelse».

Velkommen til feiring av dei første 25 åra, og dersom nokon lurar:
«We are still feeling good»!

Varer ca 70 min. utan pause.