Kunst og demens – tilrettelagd omvising
Omvisingane er eit tilbod til menneske med demens med følgjeperson.
Ein treng ingen førehandskunnskapar, og omvisingane blir spesielt tilrettelagde for dei påmelde.
Alle får sitjeplassar ved kunstverka, og erfarne formidlarar syt for ein open samtale der alle kan bidra med eigne tankar og assosiasjonar.
Vi tek oss tid med kaffi og ein hyggeleg prat.
Arrangementet er gratis og varer om lag 2 timar.
Påmelding til jorgen@oseana.no seinast torsdag 21.november. Avgrensa antall plassar.