Kunst og demens – tilrettelagd omvising

Kunst og demens – tilrettelagd omvising

Omvisingane er eit tilbod til menneske med demens med følgjeperson.

Desse omvisingane blir spesielt tilrettelagde for dei påmelde. Alle får sitjeplassar ved kunstverka, og erfarne formidlarar syt for ein open samtale der alle kan bidra med eigne tankar og assosiasjonar. Vi tek oss tid til kaffi og ein hyggeleg prat.

Arrangementet er gratis og varer om lag 2 timar.

Avgrensa antall plassar.  Påmelding per e-post til jorgen@oseana.no seinast torsdagen før.