Lisa loves ABBA

Lisa loves ABBA

Lisa Stokke, internasjonalt kjent musikalartist og deltakar i årets Stjernekamp (NRK), kjem no til Os med si suksessframsyning! 

Songaren hadde rolla som den første Sophie i Mamma Mia-musikalen i West End i London, og har vore med på å forme det som har blitt ein av dei mest suksessrike musikalane i historia. Sidan 2023 har ho turnert norske kulturhus med si eiga konsertframsyning «Lisa loves ABBA», og i 2025 skal hun ut på ny turnérunde med ABBA-låtar og høg allsong- og dansefaktor.

 

I løpet av ni konsertar hausten 2023 og 17 konserter våren 2024 har over 10 000 nordmenn opplevd framsyninga, der ein får høyre låtar som The Winner Takes It All, Dancing Queen, Mamma Mia, Fernando, Gimme Gimme Gimme og mange fleire av songene som betyr så mykje for oss alle.

 

«Lisa loves ABBA» tar publikum med på ei reise gjennom Stokke sitt eige ABBA-univers, med små anekdotar frå oppveksten som ABBA-fan og seinare hennar heilt unike erfaring av å bli valgt til å jobbe personlig med Björn Ulvaeus og Benny Andersson i musikalen på West End.

 

Som Björn Ulvaeus sa til Dagbladet i 1999: – Lisa er den beste!

 

Vi ser fram til ei fantastisk konsertoppleving med Lisa Stokke og bandet, og ønsker alle hjarteleg velkommen til ein uforgløymeleg ABBA-hyllest.

 

 

Framsyninga varar i omlag 90 minutt.

Rullestolplass og ledsagarbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.noVArighet ca 90 minutter