Os Mannskor – Jubileumskonsert

Os Mannskor – Jubileumskonsert

Os Mannskor feirar sitt 100-årsjubileum med konsert i Oseanasalen. Denne kvelden har dei òg med seg eit tremanns husorkester, og det blir gjesteinnslag med Tilslørte bondepiker og blåsarensemble frå Os Musikkforening. 

Velkommen til ein festleg kveld!

Varigheit: om lag 90 minutt.

Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no

————————-

Bestill eit måltid før arrangementet

Vi tilbyr no ein eigen matmeny i forkant av utvalde kulturarrangement. Du bestiller og betalar maten du vil ha på førehand, saman med arrangementsbilletten. Måltidet får du servert i kafélokala våre i 1. etg. Du møter opp 1–2 timar før arrangementet startar. Maten blir levert av Det Gode Selskap.  

Har du ikkje fått bestilt mat? Då kan du etterbestille her. Frist for matbestilling: innan kl. 11:00 dagen før arrangementet.

Har du tilleggsinformasjon, spørsmål eller kommentarar (f.eks om allergiar), eller
ønsker du å avbestille maten? Ta kontakt med post@detgodeselskap.no. Frist: innan
kl. 11:00 dagen før arrangementet. Hugs å oppgi dato for reservasjon og namnet
ditt.