Os Senioruniversitet – Eivind Molde: Sørpolen, Polhavet og Grønland

Os Senioruniversitet – Eivind Molde: Sørpolen, Polhavet og Grønland

Eivind Molde: Sørpolen, Polhavet og Grønland – ei polar reise i sør og nord.

Etter at president Donald Trump sa at han «vil ha Grønland», har interessa for Arktis gått i veret. I takt med at isen smeltar, har stormaktene verkeleg fått augo opp for nordområda. Og i sør, i Antarktis trappar Noreg opp forskingsinnsatsen,
og planlegg ny forskingsstasjon.

Eivind Molde har vore fire gonger i Antarktis, 15 gonger på Svalbard, og følgt FNs
generalsekretær i møte med forskarar på isen i Polhavet.

Når han no kjem til Os, er han på kjende trakter. Det var her han leverte dei første reportasjane til NRK. Han gjekk på Os gymnas, og arbeidde så eit år som frilansar for NRK Hordaland, kombinert med arbeid som lærarvikar på Os skule og deltidsjobb i avisa Midhordland.

Molde har arbeidd 36 år i NRK. Han har hatt oppdrag i alle verdsdelar og intervjua ei rekkje internasjonale profilar, som erkebiskop Desmond Tutu og dei amerikanske toppolitikarane Al Gore og John Kerry.

Kjem du til senioruniversitetet 24. august, får du bli med på ei spennande reise langt mot
nord og langt mot sør.

–––

Varigheit: om lag 2 timar inkludert kaffipause.

Rullestolar og ledsagarar: Ledsagarar har gratis inngang. Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast/reserverast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no