
RefreshMen
Jan Haaland og gutta i RefreshMen inviterer til konsert med variert musikk, litt vitsing, open bar og god stemning!
RefreshMen er eit band med variert låtvalg. Dei speler coverlåtar i eigne arrangement og Jan sine eigne låtar. Vi får òg høyra Jan sine tonesette dikt av lokale poeter som Gro Arnesen og Bente Bratlund samt ein fransk poet med namn Jacques Prevert.
Tetiana Romanyuk er kveldens gjest, og vil med sin vakre vokal bidra med nokre
poplåtar ho har plukka ut.
Med i bandet er:
Oddgeir Bjelland- fløyte/saksofon
Jan Haaland- vokal/gitar
Olav Skorpen – bass
Nils Midtseter – trommer
Inge Johannes Bergheim – tangentar – (han er ny i bandet)
Gjest: Tetiana Romanyuk – vokal
–––
Varigheit: om lag 2 t inkludert pause.
Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no
–––
Oseana kafé er open frå kl 12:00 og fram til arrangementet startar, med servering av smørbrød o.l.