
Resten av livet – med Trond-Viggo og Else
Endeleg på samme scene: Trond-Viggo Torgersen og Else Kåss Furuseth inviterer til ein underhaldande, musikalsk og kanskje også lærerik kveld – ingrediensene er standup, tøys, prat og song som til saman gir ein fullstappa buljongterning det antakeleg går an å bli klokare av.
Uansett kor gamle vi er må vi forhalde oss til resten av livet. Med den kroppen vi har. Og det hovudet vi har. Korleis få til eit så godt liv som mogleg, så lenge som mogleg? Korleis gle oss over livet slik det har blitt, og læra oss å setja pris på moglegheitene vi har? Kan gode livsopplevingar aukast med nysgjerrigheit og innsikt?
Vi lovar ein munter kveld, ramma inn av nokre av Trond-Viggos mest kjende songar!
–––
Varigheit: om lag 2 timar.
Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no
–––
Matservering: Showmeny
Til dette arrangementet tilbyr vi ein eigen showmeny. Du bestiller og betalar på førehand, og får måltidet servert i kafélokala våre i 1. etg. før arrangementet. Du kan møte opp 1–2 timar før arrangementet startar.
Bestilling/kjøp skjer gjennom billettsystemet. Når du kjøper billettar, vil du få tilbod om å legge til matprodukt. Du kan òg etterbestille mat etter du har kjøpt billettane (lenke under). Frist for matbestilling: innan kl. 11:00 dagen før arrangementet.
Maten blir levert av Det Gode Selskap.
Klikk her for å kome direkte til matbestilling for dette arrangementet.
Bordønske, allergiar o.l.: Vil du sitte ved same bord om nokon i ei anna bestilling? Vil du opplyse om allergiar? Vil du avbestille? Ta kontakt med post@detgodeselskap.no – innan kl. 11:00 dagen før arrangementet. Hugs å oppgi dato for reservasjon og namnet ditt.