
Joakim Olsen – 5 år som komiker. Fra hammer til humor på 1827 dager!
Osingen Joakim Olsen inviterar til sitt aller første soloshow når han feirar fem år som komikar – på heimebane!
Tittelen på showet er ikkje tilfeldig. Før han satsa fullt på standup, jobba Joakim nemleg som snekkar. På fem år har han bytta ut verktøykassa med mikrofon – og gått frå byggeplass til nokre av landets mest etablerte humorscenar.
Joakim har opptredd på Latter, Chat Noir, Folken og Ole Bull Scene, vunne Comedy Fight Club i 2024 og delt scene med mellom andre Thomas Gjertsen, Christine Hope og Jonis Josef.
Denne kvelden blir ei «best of»-framsyning – ei feiring av dei første fem åra på scena, med høgdepunkt, publikumsfavorittar og materiale som har forma han som komikar.
I samband med framsyninga Julegøy på Ole Bull Scene skreiv Bergens Tidende:
«Forestillingenes høydepunkt er det derimot Joakim Olsen fra Os som står for.»
I anmeldinga av Ingen Plan B blei han omtala som:
«Ein komiker som skiller seg tydelig ut fra andre»
«Poengene og blikket hans er aldri forutsigbare»
No markerar han fem år på scena med sitt første soloshow – og gjer det der det heile starta – i Os!
___
Varigheit: om lag 75 minutt
Ledsagarar og rullestolar: Ledsagarar har fri inngang. Det finst eit avgrensa antal rullestolplassar tilgjengeleg. Billettar til ledsagar og rullestol får du via resepsjonen – kom innom eller kontakt oss på telefon 917 50 231 / e-post resepsjon@oseana.no
Matservering: Showmeny
Til dette arrangementet tilbyr vi ein eigen showmeny. Du bestiller og betalar på førehand, og får måltidet servert i kafélokala våre i 1. etg. før arrangementet.
Møt opp 2 timar før arrangementet startar.
Bestilling/kjøp skjer gjennom billettsystemet. Når du kjøper billettar, vil du få tilbod om å legge til matprodukt. Du kan òg etterbestille mat etter du har kjøpt billettane (lenke under). Frist for matbestilling: innan kl. 11:00 dagen før arrangementet.
Maten blir levert av Det Gode Selskap.
Klikk her for å kome direkte til matbestilling for dette arrangementet.
Bordønske, allergiar o.l.: Ta kontakt med post@detgodeselskap.no – innan kl. 11:00 dagen før arrangementet. Hugs å oppgi dato for reservasjon og namnet ditt.