
Rett fra Hjertet – Tor Endresen, Anne-Sophie Endresen, Rune Larsen og Anne Veddeng
Tor Endresen, Anne-Sophie Endresen, Rune Larsen og Anne Veddeng har lenge ønskt å lage ein konsert der varme og inderlegheit i tekst og tone står i fokus. Like lenge har dei hatt ein draum om å stå på scenen saman, alle fire.
No blir draumen verkeleg når dei opptrer som songkvartett med konserten «Rett fra hjertet», og dei gler seg stort til å møte publikum i Oseana kunst- og kultursenter.
Publikum kan sjå fram til ein kveld med vakre melodiar, sterke tekstar og musikalske augeblink, framførte av fire stemmer som utfyller kvarandre på ein vakker og stemningsfull måte.
Musikarar:
-
Akustisk gitar: Dagfinn Braseth
-
Tangentar: Vidar Eldholm
-
Song: Lisbeth Sandvik
-
Fiolin: Mara Haugen
-
Gitarar: Jan Arne Knutsen
Velkommen til ein varm og fleirstemt kveld i Oseana kunst- og kultursenter 12. mars.
___
Varigheit: Ca 1,5 time
Servering: Gjer kvelden komplett med ein god middag eller noko godt i glaset før arrangementet. Oseana Kafé held ope fram til arrangementsstart, og kjøkkenet stenger éin time før. Sjå meny og bestill bord på www.oseanakafe.no
Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt ( 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.