SØLVPUST – Mytar, fantasy og romantikk

SØLVPUST – Mytar, fantasy og romantikk

Årets sommarutstilling på Oseana

Utstillinga SØLVPUST viser kunst, spel og fantasy som omhandlar det visuelle universet rundt nordiske mytar, natur og historie. I utstillinga møter du gamle meistrar saman med bilete frå fantasy og spel, i tillegg til nye verk av samtidskunstnarar som har late seg inspirera av dette.

Norske kunstnarar presenterte gjennom 1800- og tidleg 1900-talet ein versjon av Noreg som var både nostalgisk, spektakulær og idealisert. Med referansar til norrøne myter, historie og folketru, skapte dei ein visjon som nordmenn kunne kjenna igjen og som fascinerte verda. Som dei europeiske kollegaene sine drog dei ut rundt i landet og fann motiva sine i bortgøymde fjordar og dalar. 

Samtidig stod fleire kunstnarar for ein ny-resepsjon av mellomalderen, der tidleg nordisk historie vart basis for nye visuelle uttrykk som var prega av ideala på den tida. Kvar generasjon har si kunstneriske tolkning av historia.

Sjølv om dagens blikk på historia er svært ulik, lever dei visuelle verkemidla og fascinasjonen for mytar vidare, både i kunst og illustrasjonskunst i fantasy og spel. I SØLVPUST vert det gamle og det nye satt saman, med bidrag frå nokre av dei fremste nolevande kunstnarane våre i møte med Grieg Kunstsamling og innlånte verk.

Utstillingsbilde fra Sølvpust: Christian Skredsvig: Prinsessen og halve Kongeriket (1895) og video fra Assassin’s Creed® Valhalla © 2020 Ubisoft Entertainment. All Rights Reserved.
Utstillingsbilde fra Sølvpust: Vanna Bowles, Rina C. Lindgren, Johannes Høie, Tidemand, Wentzel, Bergslien. Ole Bull på sokkel i midten.
Utstillingsbilde fra Sølvpust. Ambrosia Tønnessen: Ole Bull (1904) og Sverre Malling: Norwegian Muskox (2016).
Ragna Breiviks trollteppe fra Åsmund Frægdagjeva og to versjoner av vikingenes møte med Vinland: Alf Rolfsen: Leif Eriksson kommer til Amerika (1938) og Dann Yeau Choong Yap: Eivor arrives in Vinland, konseptbilde til Assassin’s Creed® Valhalla. © 2020 Ubisoft Entertainment. All Rights Reserved.
Utdrag fra Bjørn Båsens Sagafrise (2022), Nils Bergslien og Carl Peter Lehmann.
Troll og fantasy: Anato Finnstark, Even Mehl Amundsen og Einar Martinsen møter Jon Bauer og Theodor Kittelsen. © Kunstnerne, unntatt Amundsen: © 2020 Ubisoft Entertainment. All Rights Reserved.
Kim Diaz Holm har laget nye illustrasjoner til folkeeventyret «Følgesvennen», 2023.
Utstillingsbilde fra Sølvpust: Salon des Erhabenen og dataspillet Sunlight av Krillbite Studio.
Utstillingsbilde fra Sølvpust: Inga S. Søreides skulptur Fem femnar djupt (2023) foran Eckersberg, Karakter Design Studio og Even Mehl Amundsen. I bakgrunnen: Johannes Høie, Knud Bull og JC Dahl.

KUNSTNERE
Kiki Smith, Rina Charlott Lindgren, Bjørn Båsen, Vanna Bowles, Sverre Malling, Tom Kosmo, Johannes Høie, Inga S. Søreide, Lars Elling, Kim Diaz Holm, Even Mehl Amundsen, Gilles Beloeil, Anato Finnstark, Karakter Design Studio, Greg Rutkowski, Rain Games, D-Pad Studio, Yngvill Hopen, Steffen Øie, Nikolai Astrup, Peder Balke, Jon Bauer, Johan Jacob Bennetter, Knut Bergslien, Nils Bergslien, Erik Bodom, Ragna Breivik, Knud Bull, Knud Baade, Hans Dahl, JC Dahl, AK Dolven, Johan Fredrik Eckersberg, Johannes Flintoe, Hans Gude, Theodor Kittelsen, Ignat Komitov, Konstantin Kostadinov, Lul Krag, Krillbite Studio, Raphael Lacoste, Carl Peter Lehmann, Gerhard Munthe, Ørnulf Opdahl, Alf Rolfsen, Christian Skredsvig, Harald Sohlberg, Adolph Tidemand, Erik Werenskiold, Dann Yeau Choong Yap.

UTSTILLINGSTEAM
Kurator: Jørgen Larsson
Akademisk rådgiver: Tonje Haugland Sørensen
Spillfaglig rådgiver: Kenneth Flage
Produsent: Diouma Diakité
Design: Silje H. Rangset
Montering: Vegard Urne, Vegard Skorpen, Tim Ekberg

Bildet som brukes som plakat for utstillingen er laget av Grzegorz Rutkowski.
www.artstation.com/artist/Rutkowski
www.88grzes.deviantart.com


Utstillingen er gratis og et samarbeid med Grieg Foundation.

Takk til:

KODE, Blaafarveværket, Hordamuseet, Jönköpings Läns Museum, Haugar kunstmuseum, Ubisoft, Wizards of the Coast, HBO, Santa Monica Studio, Spillhuset Bergen, Mohn Kunsthandel, Rammeservice, Trykkeriet, Elkjøp Os, Skaparstovo.