
Thomas Dybdahl med band
Thomas Dybdahl er ein av våre beste og mest profilerte musikarar. Han har med sine nydelege album befesta sin stilling som ein av Norges store artistar og låtskrivarar. No kjem han til Oseana.
Gullstrupen frå Sandnes debuterte som soloartist med «That Great October Sound» og vann ein Spellemannpris. Hans påfølgjande album, inkludert «Stray Dogs» og «Science», har hausta kritikarros og prisar, blant anna for beste mannlege artist. Fleire av hans album har toppa listene, og «What’s Left Is Forever» blei også Grammy-nominert.
Førebels siste utgiving er albumet «Teenage Astronauts» som kom ut i 2024. Det er eit samarbeid med Grammyvinnande produsent Larry Klein (Joni Mitchell, Herbie Hancock m.fl), den legendariske arrangøren Vince Mendoza (Björk, Joni Mitchell m.fl), Stavanger Symfoniorkester og tekstforfattar Edie Kuhnle Ottestad.
I 2025 blir Thomas å sjå på «Hver gang vi møtes» på TV2 i januar og februar, og i mars og april skal han på norgesturné med sitt eminente band:
Veldig glad for å kunne fortelle at jeg i 2025 er klar for Norgesturne sammen med mitt fantastiske band. Vi har masse ny musikk å vise og en haug med gamle sanger som jeg gleder meg til å synge for dere igjen. Vi ses om ikke så lenge, gleder oss!
Musikarar på scenen:
- Thomas Dybdahl
- Henrik Lødøen
- Tor Egil Kreken
- Lars Horntvedt
- Vegard Lien Bjerkan
—
Varigheit: om lag 90 minutt.
Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no
—

Bestill eit måltid før arrangementet
Vi tilbyr no ein eigen showmeny i forkant av utvalde kulturarrangement. Du bestiller og betalar maten du vil ha på førehand, og får maten servert i kafélokala våre i 1. etg. Du kan møte opp 1–2 timar før arrangementet startar. Maten blir levert av Det Gode Selskap.
Bestilling/kjøp skjer via billettsystemet vårt. Du legg til den maten du ønskar i bestillinga di, samtidig som du kjøper billettar til arrangementet. Du kan òg etterbestille mat etter du har kjøpt billettane. Klikk her for å kome direkte til matbestilling for konsert med Thomas Dybdahl.
Frist for matbestilling: innan kl. 11:00 dagen før arrangementet.
Har du tilleggsinformasjon, spørsmål eller kommentarar (f.eks om allergiar), eller ønsker du å avbestille maten? Ta kontakt med post@detgodeselskap.no innan kl. 11:00 dagen før arrangementet. Hugs å oppgi dato for reservasjon og namnet ditt.
Skal du bestille mat for grupper (6 personar +)? Ta kontakt på e-posten over for avtale og menyforslag.