Utstilling: Verdens navle
Visuelle kunstfag ved Bergen kulturskule og Bjørnafjorden kulturskule stiller nok ein gong ut elevarbeid i praktfulle Oseana. Utstillinga viser eit mangfald av visuelle uttrykk som skulptur, grafikk, teikning, måling, animasjon, keramikk mm, og laga av barn og unge i alderen 7-19 år. Ei utstilling med kunstnerisk engasjement, glede, magi og sjarm!
Utstillingsperiode er frå 26. mars til og med 16. april. Produsert i samarbeid med Oseana kunst- og kultursenter.