Utstillingsopning med kunstnarsamtale: Magnhild Øen Nordahl

Utstillingsopning med kunstnarsamtale: Magnhild Øen Nordahl

Samtale om utstillinga Oppløyste abstraksjonar mellom Randi Grov Berger og Magnhild Øen Nordahl kl. 15 – 16.

Utstillinga ‘Oppløyste abstraksjonar’ på Oseana Kunst- og Kultursenter viser den Bergensbaserte kunstnaren Magnhild Øen Nordahl sitt avsluttande doktorgradsarbeid ved Fakultet for Kunst, Musikk og Design ved Universitetet i Bergen. Randi Grov Berger er kurator for utstillinga, som er eit samarbeid med galleriet Entrée i Bergen.

I botnen er alle 3D-modellar oppbygd av lag med abstraksjonar, som x-y-z koordinatar, matematiske formlar, nullar og eittal. Når ein scannar ein gjenstand, er det tydleg korleis abstraksjonsprosessen forenklar ved at noko blir inkludert og noko utelatt; formen til gjenstanden er med vidare, men ikkje lukt, smak eller kulturell kontekst. Naturvitskap, språk, økonomi og andre system som forenklar, kategoriserer og strukturerer ei kaotisk verd, bygger alle på abstraksjonar. Desse strukturane er med på å styre korleis vi forstår verda og korleis vi konstruerer den. Innanfor billedkunstfeltet har dei nye 3D-modelleringsteknologiane i stor grad påverka korleis kunstnerar arbeider. Øen Nordahl tar dette eit steg vidare ved å oppløyse og undersøke sjølve abstraksjonane i 3D-modelleringsteknologien, og korleis desse verktøya påverkar tinga vi lagar og vårt blikk på verda rundt oss.

Utstillinga aktiverer Oseana sitt store lokale i første etasje som vanlegvis husar Griegsamlinga. Parallellt med utstillingsperioden har Øen Nordahl ope studio på Entrée der vi inviterer publikum til å delta i eit diskursivt program med inviterte gjester som går vidare inn i dei tema som kunstnaren bearbeider skulpturelt. Programmet består av workshops og presentasjonar frå Patrícia Šichmanová, Sidsel Christensen, N. Katherine Hayles, Gabriele de Seta og Felipe R Pena. Sjå fullt program under.