Daniela Reyes

Daniela Reyes

Daniela Reyes er tilbake med ny musikk, så ærleg og underfundig at det er nær umogleg å ikkje stoppa opp og lytte. Få med deg konserten hennar i nydelege omgivnader i Grieg Kunstsamling. 

Med berre eitt album gitt ut er ho allereie hylla som ein av våre beste, unge tekstforfattarar. Det ho leverer på sitt nye album La meg bli ditt gjemmested, viser ein artist som framleis er i rasande utvikling.

Daniela Reyes, kan – sin unge alder til tross – sjåast som ein føregangsfigur for denne nye generasjonen visesongarar. I 2021 slapp ho gjennombruddssingelen «Usikker musiker» etterfylgt av debutalbumet Engangsdager. Her fekk ho skryt frå ei einstemmig musikkpresse, som kåra ho til årets beste debutant. Albumet vart også premiert med ein drøss av gode meldingar, og ho vann Spellemannprisen i kategorien Årets tekstforfattar.

Blant anna skreiv musikkjournalist Audun Vinger desse orda etter ein konsert:

«…noen få ganger opplever man en artist som får tid og rom til å opphøre. Daniela
Reyes er en artist med slike låter, og en temmelig overrumplende, innover-dirrende aura».

26. september kjem hennar nye album, og i haust drar ho på turné. 

Nye songar. Nytt format. Nært, rått og vakkert. 

Ein musikalsk gøymestad du ikkje vil ut av.

Musikk, kunst og fjord

Konserten finn stad i flotte omgivnader i Grieg Kunstsamling. Gå ikkje glipp av ei unik oppleving der du får nyte nydeleg musikk omgitt av fjordutsikt og flotte kunstverk.

Varigheit: 60-90 minutt.

Rullestolplass og ledsagarbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no