Bare VisVas – med Kristian Valen

Bare VisVas – med Kristian Valen

Kristian Valen endeleg tilbake med eit splitter nytt show! Etter seks år på vegen med suksessen «Fartøy Valen seiler igjen», er seilasen over – og i oktober inviterer Valen til si sjette heilaftans produksjon: «Bare VisVas».

Her opnar han dørene til ein stjernespekka artistgalla, der både norske og internasjonale celebritetar dukkar opp i Valens velkjende univers. Stoltenberg, Brauten og fleire andre av hans udødelege karakterar gjer etterlengta gjensyn, denne gongen i heilt ny drakt.

Sidan gjennombrotet i 2003 har Kristian Valen etablert seg som ein av Noregs aller mest populære komikarar og imitatorar. Showa hans har fylt kulturhus over heile landet, TV seriane er sett av millionar, og DVD-utgivingane er selde i nærare ein halv million eksemplar. På dei tre siste turneane var over 90 % av framsyningane utselde – og ein av tre stader måtte sette opp ekstra show.

I «Bare VisVas» lovar Kristian Valen ein kveld fylt med musikalsk leikenheit, publikumskjære figurar og nye overraskingar frå ein av Noregs aller fremste underhaldarar.


Gled deg til ein heilaftan med Noregs beste imitator – og ein stor dose deilig visvas!

___

Varigheit: om lag 80 minutt

Ledsagarar og rullestolar: Ledsagarar har fri inngang. Det finst eit avgrensa antal rullestolplassar tilgjengeleg. Billettar til ledsagar og rullestol får du via resepsjonen – kom innom eller kontakt oss på telefon 917 50 231 / e-post resepsjon@oseana.no