Faen då, Martha! – med Martha Leivestad

Faen då, Martha! – med Martha Leivestad

Martha Leivestad kjem med sitt aller første soloshow. «Faen då, Martha!» tar for seg eit liv fylt med kaotisk dating, ein forsvunnen sjølvrespekt og jaget etter mannleg bekrefting. Kvifor og korleis havna ho her? 

Med kompromisslaus humor og absurde ærlege opplevingar, inviterer ho publikum til ein kveld dei mest sannsynleg, men forhåpentligvis ikkje, kjenner seg igjen i!

«Det finnes ingen komikere som Martha Leivestad i Norge» skreiv NRK og gav framsyninga terningast 6. Les meldinga her. 

Regi: Caroline Johansen

Manus: Martha Leivestad og Karoline Abrahamsen

Varigheit: ca 75 minutt

Rullestolplass og ledsagarbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no

___

Matservering: Showmeny

Til dette arrangementet tilbyr vi ein eigen showmeny. Du bestiller og betalar på førehand, og får måltidet servert i kafélokala våre i 1. etg. før arrangementet. Møt opp 2 timar før arrangementet startar.  

Bestilling/kjøp skjer gjennom billettsystemet. Når du kjøper billettar, vil du få tilbod om å legge til matprodukt. Du kan òg etterbestille mat etter du har kjøpt billettane (lenke under). Frist for matbestilling: innan kl. 11:00 dagen før arrangementet.

Maten blir levert av Det Gode Selskap.

Klikk her for å kome direkte til matbestilling for dette arrangementet.

Bordønske, allergiar o.l.: Ta kontakt med post@detgodeselskap.no – innan kl. 11:00 dagen før arrangementet. Hugs å oppgi dato for reservasjon og namnet ditt.

Les meir om mat og drikke på Oseana her.